Kategorier

EXPO Online – verksemder sitt arkiv for luftmålingar

mann i arbeid, utsatt for kjemisk eksponering

 

Vi veit at det er mange som potensielt kan vere utsett for kjemiske eksponeringar gjennom arbeidslufta. Data frå Nasjonal overvåking av arbeidsmiljø (NOA) viser at 26 prosent av dei yrkesaktive i Noreg oppgir å vere utsett for støv, røyk, gass, damp, eksos eller kjemikaliar i arbeidet sitt.

Kjemiske eksponeringar gjennom arbeid opphøyrer ikkje i framtidas arbeidsliv, men endrar nok karakter ettersom det stadig blir utvikla nye kjemikaliar, blant anna til bruk i materialutvikling og i ulike produksjonsprosessar. Desse krev òg registrering og måling. EXPO er det nasjonale registeret for eksponeringsmålingar utført i norsk arbeidsliv, oppretta for å gi auka kunnskap om kjemisk eksponering i arbeidslivet. Registeret skal fremje gode arbeidsforhold for arbeidstakaren gjennom kjennskap til samanhengar mellom kjemisk eksponering og helse

Enkel digital løysing

Våren 2017 vart EXPO Online lansert – og klar til bruk for alle verksemder. Her kan verksemdene lagre eksponeringsmålingar i ei sikker lagringsløysing og få betre oversikt over eigne eksponeringsmålingar. Noko av formålet med utviklinga av EXPO Online var å gjere det enkelt å lagre eksponeringsmålingane, slik at verksemdene sjølv kan følgje målingane over tid og dermed auke bevisstheita kring temaet. Erfaringane frå tilsynsverksemd viser tydeleg at sjølv ressurssterke industriaktørar ikkje har god nok kontroll på dette, og at det ikkje finst fullgode kommersielle løysingar som varetek dette behovet.

På nasjonalt nivå vil tilgang til eksponeringsdataa til bedrifter bidra til auka kunnskap om eksponering for kjemikaliar i yrke og bransjar i Noreg. Ein vil kunne sjå på utviklingstrendar og få indikasjonar på kor det vil vere behov for større forskingsinnsats og førebyggjande arbeid. Dette vil komme helsa og tryggleiken til den norske arbeidstakaren til gode på sikt. Meirverdien for STAMI og arbeidsmiljømyndigheitene i dette arbeidet er at ein sikrar seg aggregerte eksponeringsdata, som vil bidra til auka kunnskap og betre førebygging på verksemdsnivå.

Forankra, utprøvd og tilgjengeleg

EXPO Online gjer det lettare for verksemdene å registrere luftprøver. Systemet er utvikla i samarbeid mellom STAMI, Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet og partane i arbeidslivet. I utviklinga av systemet vart det lagt vekt på å teste systemet i fleire rundar av verksemder innanfor ulike næringar.

EXPO Online er eit gratis tilbod til norske verksemder og er eit godt verktøy for å ta vare på eigne eksponeringsdata. Vi på STAMI bidrar gjerne med rettleiing og råd i prosessen. Berre verksemda sjølv har tilgang til dataa sine, men STAMI kan utarbeide trendar ut frå innsamla materiale.

EXPO Online har sidan lanseringa i 2017 hatt eit spesielt bransjefokus på eksponering i bergindustri, betongelementindustri og bilbransjen (lakkering), og tilveksten av verksemder er jamt stigande. EXPO hadde i 2017 registrert i underkant av 600 000 måleresultat frå nærmare 100 000 prøver, og totalt har vi litt over 9400 verksemder inne i systemet.

 

(Teksten vart først publisert i 2017-årsrapporten til STAMI. Rapporten kan du laste ned eller bestille her ).

Kontakt

Meir om EXPO Online

  • Brukarveiledning, innlogging og anna info om EXPO Online.

Innlegget EXPO Online – verksemder sitt arkiv for luftmålingar dukket først opp på STAMI.