NIVA er eit utdanningsinstitutt underlagt Nordisk Ministerråd, og fungerer som eit samarbeidsforum for dei nordiske regjeringane. NIVAs oppgåve er å tilby vidareutdanning for forskarar, praktikarar og spesialistar på området for helse og sikkerheit i arbeidslivet. Fagpersonar og forskarar frå Statens arbeidsmiljøinstitutt er bidragsytarar på fleire av kursa.
Nordisk ministerråd søker nå ein direktør til NIVA som kan skapa relevans og meirverdi for samarbeidet mellom dei nordiske landa gjennom å vidareutvikla NIVA som ein profesjonell arrangør av kurs og seminar basert på aktuell forsking som svarer på ekspertar og utdanningsbehovet til forskarar innanfor arbeidshelse, arbeidsmiljø og sikkerheit.