- Husk at dette er den same jobben du gjorde før sommarferien. Ikkje bruk tid og krefter på å grue deg til å jobbe. Forventingar om at noko blir negativt kan bli sjølvoppfyllande.
- Snu døgnrytmen til kvardagen igjen for å unngå at du føler deg trøytt og ute av form dei første arbeidsdagane. Å kjenne seg trøytt dei første dagene etter ferien er ofte jet-lag. Juster døgnrytmen til normal døgnrytme ved å legge deg tidlegare og stå opp tidleg 2-4 dagar før første arbeidsdag. Les fleire råd i artikkelen om søvn og døgnrytme.
- Kutt ut alkohol dei siste 2-3 døgna før første arbeidsdag – styr unna «ein siste fest». Sjølv små mengder alkohol forstyrrer kvaliteten på søvnen. For å føle seg utkvilt treng ein god søvnkvalitet og passe mengde søvn.
- Forsøk å stå på for fullt frå første arbeidsdag. Det finst ingen grunn til å starte forsiktig eller jobbe lite første veka. Er du effektiv, opplever du meistring og jobbtilfredsheit. Dette kan gjere resten av første veka enklare.
- Når du er tilbake på jobb, ha tolmod med kollegaer som fortel om sine fantastiske opplevingar i ferien. Forsøk å ikkje irritere deg eller vere misunneleg – det går berre utover deg sjølv.
→ Les også: Fra ferie til jobb – råd om søvn og døgnrytme.
Korona og heimekontor
For mange arbeidstakarar vil heimen fortsatt vere arbeidsplassen etter ferien på grunn av koronapandemien. Heimekontor kan bety mindre direkte oppfølging av arbeidet og redusert kontakt med kollegaer og nærmaste leier. Skillet mellom privatliv og jobb kan bli uklart, og det kan for nokre bli ekstra vanskeleg å kome godt i gang med arbeidet igjen når ein ikkje har ein fysisk arbeidsplass å gå til.
Å gjere klar nokre rutinar i heimen kan vere lurt, som til dømes å legge opp til å ha ein definert arbeidsplass og arbeidsdag. Det er viktig å ha tett dialog med nærmaste leiar og å halde kontakt med kollegaer. Har du leiaransvar er det viktig å følgje opp dine tilsette og sjå til at dei har det dei treng for å gjere ein god jobb.
→ Les meir om dette: Råd for en bedre hjemmekontorhverdag
Innlegget Tips for å bli klar for jobb igjen dukket først opp på STAMI.