Årleg dei siste fem åra har STAMI og Arbeidstilsynet publisert ein rapport som beskriv utviklinga av arbeidsulykker med dødelege og ikkje-dødelege skadar i bygg- og anleggssektoren. I årets rapport har ein også analysert arbeidsskadedødsfalla i tidsrommet 2011-2017 for å finne dei hyppigaste ulykkestypane, kva barrierar som har svikta og omfanget av farlige handlingar som medverka til ulykkene. I tillegg har 108 arbeidsulykker ved gravearbeid blitt analysert med fokus på ulykkestyper og årsaksforhold.
– Eit positivt trekk med tilstanden i 2018 er at talet på arbeidsskadedødsfall i næringa var det lågaste registrert dei siste 10 åra. Tendensen over lengre tid er også klart positiv. Nedgangen kan derimot sjå ut til å ha flata noko ut, og ser vi på hittil i år (2019) er det registrert litt fleire arbeidsskadedødsfall igjen. Det er framleis mykje å hente i det skadeførebyggande arbeidet, fortel Hans Magne Gravseth, forskar og overlege ved STAMI.
Nokre av funna som utpeikar seg i årets rapport er:
- Totalt omkom seks personar ved bygg- og anleggsarbeid i 2018.
- I 2018 vart det registrert 2670 ikkje-dødelege arbeidsskadar. Dette tilsvara ti arbeidsskadar per 1000 tilsette. Dette er på same nivå som i 2017, etter ein liten nedgang årleg i perioden 2014–2017.
- Dei yngste aldersgruppene har flest skadar.
- Fallulykker er fortsatt den hyppigaste ulykkestypen.
Hyppigaste ulykkestyper for dødsulykker
I tidsrommet 2011-2017 var det registrert til saman 72 arbeidsskadedødsfall i 69 ulykker i bygg og anlegg. Desse dødsulykkene vart analysert for å finne dei hyppigaste ulykkestypane. Dei var:
- Kontakt med fallande gjenstand
- I/på køyretøy som har mista kontrollen
- Fall frå tak/plattform/golv
- Fall frå høgde utan sikring
- Treft av køyretøy
- Eksplosjon
Analysen viste også at det var forskjellar i ulykkestyper for arbeidsskadedødsfall og ikkje-dødelege skadar. – Det betyr at ein ikkje nødvendigvis kan førebygge dødsulykker ved å handtere mindre alvorlige skadar – og omvendt. Førebygging av dødsulykker, som kanskje er det aller viktigaste, krev spesifikke tiltak mot farane som potensielt kan medføre dødsulykker, påpeikar Gravseth.
Størst andel barrieresvikt var grunna mangel på fysiske barrierar som hindrar fall og utforkøyring, faresoner som ikkje er definert, og manglande bruk av fallsikringsutstyr og sikkerheitsbelte. Dei fleste ulykkene har også involvert forskjellige «farlege handlingar» frå arbeidstakarane si side. Analysen indikerer også at ansvaret for sikkerheita i stor grad er overlaten til arbeidstakarar på operativt nivå.
– Det er viktig å vere klar over at den enkelte arbeidstakars åtferd alltid vil vere eit resultat av verksemda og bransjen sitt sikkerheitsarbeid. Det er derfor nødvendig å legge vekt på sentral sikkerhetsstyring dersom ein skal oppnå eit godt sikkerheitsresultat, sier Gravseth.
Dei hyppigaste ulykkestypane ved gravearbeid
108 arbeidsulykker ved gravearbeid vart analysert med fokus på ulykkestyper og årsaksforhold. 80 % av ulykkene var grunna:
- Treft av rullande, glidande gjenstand og/eller begravd av masser
- Treft av køyretøy
- Treft av fallande, mista eller øydelagt gjenstand
- I eller på køyretøy som har mista kontrollen
- Elektrisitet
I mange av desse ulykkene vart arbeidstakarar skada medan dei oppheldt seg i faresoner slik som gravemaskinas arbeidsområde eller i ei djup grøft utan tiltak for å hindre utrasing og skade ved utrasing.
Rapporten er ein leveranse til styringsgruppa for Samarbeid for sikkerhet i bygg og anlegg som er eit samarbeid mellom sentrale aktørar i bygge- og anleggsnæringa, og skal brukast til å identifisere problemområde og å måle endring over tid.
Du kan lese heile rapporten nedanfor.