– Den digitale søknadsløysinga gjer søknadsprosessen enklare, seier direktør Trude Vollheim i Arbeidstilsynet.
Gjennomsnittsberekning av alminneleg arbeidstid opnar for ei alternativ fordeling av arbeidstida. Dette gjer at arbeidstakaren i periodar kan jobbe meir enn grensa for alminneleg arbeidstid, mot tilsvarande mindre i andre periodar. I gjennomsnitt skal arbeidstida likevel ikkje overstige grensene i arbeidsmiljøregelverket. Arbeid ut over desse grensene for alminneleg arbeidstid, er overtidsarbeid.
Overtid er berre lovleg dersom det er særleg og tidsavgrensa trong for det. Overtid kan ikkje brukast som ei fast ordning.
Både gjennomsnittsberekning og utvida overtidsarbeid kan i nokre høve vere søknadspliktig til Arbeidstilsynet.
Betre rettleiing
Fram til no har søkarane kunna sende begge søknadstypane som e-post eller brev.
Ettersom begge søknadene krev detaljerte opplysningar og dokumentasjon i form av vedlegg, har søknadsprosessen ofte vore omfattande for søkarane.
– Det har ført til at ein stor del av søknadene har mangla opplysningar som må til for at Arbeidstilsynet kan behandle søknaden. Dermed har det vore naudsynt å hente inn tilleggsopplysningar for å få saka godt nok opplyst, fortel Vollheim.
Enklare søkeprosess
Dei digitale skjemaa gir søkarane betre hjelp til å fylle ut alle dei opplysningane som er nødvendige for at Arbeidstilsynet skal kunne behandle søknaden. Løysinga vil derfor truleg også føre til kortare saksbehandlingstid.
Alle søknadsskjemaa på området arbeidstid er no digitale.
– Dette er eit skritt i riktig retning. Etter kvart vil alle skjemaa til Arbeidstilsynet bli digitale, seier Vollheim.
Sluttar å ta imot søknader per post og e-post
Frå 1. september vil berre dei søknadene som kjem inn via dei digitale løysingane, bli behandla.
Sikrare måte å søke på
Digital søknad er ein sikrare måte å søke på enn papirbaserte løysingar. Søkaren logger seg på via ID-porten, og søknaden blir lagra på Altinn. Da kan den som søker, finne att søknaden sin der.
Her er dei nye skjemaa:
Skjemaet er utvida og inkluderer no søknad om arbeidstid som fråviker kravet om arbeidsfri periode eller arbeidstid på 13 timar.
Fleire søker om alternative arbeidstidsordningar
Dei siste ti åra har Arbeidstilsynet sett ein klar auke i talet på søknader om ulike arbeidstidsordningar. I 2008 var talet 1608. Ti år seinare var talet auka til 2209. Det gir ein auke på litt over 35 prosent. Arbeidstilsynet får flest søknader om gjennomsnittsberekning av arbeidstid frå bygg- og anlegg, verft og helse og omsorg.
– Vi ønsker at søkarane tar i bruk dei digitale skjemaa med det same. Det gir ein meir effektiv søkeprosess for både søkarane og saksbehandlarane våre, seier direktør Trude Vollheim.
Kontaktperson
Jens Erik Romslo, leiar for arbeidstidseininga i Arbeidstilsynet.
E-post: jens.erik.romslo@arbeidstilsynet.no
Telefon: 986 76 648