I sin avhandling har Jan Shahid Emberland og medarbeidarar studert eit breitt spekter av psykososiale arbeidsforhold med mål om å finne dei viktigaste enkeltfaktorane som påverkar arbeidsevne og risiko for å bli uføretrygda. Over 12 400 norske arbeidstakarar frå 96 verksemder deltok i studien.
Rollekonflikt, positive utfordringar og arbeidsklima
I dei tre studiane som inngår i avhandlinga skilte rollekonfliktar og positive utfordringar i jobben seg ut som dei viktigaste faktorane. Rollekonflikt handlar om stadig å måtte velje mellom mål eller oppgåver i jobben som er motstridande. Slike hendingar viste tydeleg å auke risikoen for seinare uførheit.
Positive utfordringar derimot, altså i kva grad kompetansen til arbeidstakarar er nyttig i jobben, og kva grad jobben er meiningsfull for arbeidstakarar, peikte seg ut som viktig for unngå uførheit på sikt. Også eit støttande og godt arbeidsklima i «team» viste seg å ha betydning for å unngå sviktande deltaking i arbeidslivet.
Noko overraskande var at støtte frå leiar ikkje var like viktig. Andre aspekt ved leiing hadde likevel stor betydning. Både rettferdig leiing, og leiing som aktivt fremmar utvikling av medarbaidarar og at ein får delta i avgjerder, var faktorar som bidrog til stabil og god arbeidsevne blant arbeidstakarane i studiane.
Unngå samlebegrepet «jobbstress»
Tidlegare forsking på uførheit har i liten grad undersøkt spesifikke jobbfaktorar kvar for seg. Ofte har ein heller undersøkt negative konsekvensar av «jobbstress» – ei samling av til dels svært ulike arbeidsforhold. Denne avhandlinga tyder på at tiltak retta mot klart avgrensa og spesifikke arbeidsmiljøfaktorar som blant anna rollekonfliktar, kan vise seg meir effektive for å fremme tilsette si helse og evne til å stå i jobb, enn forsøk på å redusere «stress på jobben» generelt.
Master i psykologi Jan Shahid Emberland vil forsvare sin doktorgradavhandling ved STAMI 19. juni 2019.
Prøveforelesning:
Tid: Fredag 19. juni kl. 10.15-11.00
Sted: Auditoriet, Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI)
Emne: Blir oppgitt 4. juni
Disputas:
Tid: Fredag 15. juni kl. 13.15 – 16.00
Sted: Auditoriet, Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI)
Jan Shahid Emberland vil forsvare sin avhandling for graden ph.d:
«Contribution of occupational psychological and social factors to low work ability and disability retirement»