Tidlegare studiar har vist at kvinnelege arbeidstakarar rapporterer om meir smerte enn mannlege arbeidstakarar. På bakgrunn av dette, kunne ein kanskje anta at kvinner også opplever meir smerte enn menn som følgje av å bli mobba på jobb. Tvert imot, viser ein ny studie frå Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI).
Menn meir sårbare enn tidlegare antatt
Ei gruppe forskarar frå STAMI har i samarbeid med forskarar på Universitetet i Bergen nyleg undersøkt korleis negativ åtferd som mobbing på arbeidsplassen kan påverke tilsette si smerterapportering og psykiske helse. Over 1000 norske arbeidstakarar mellom 18 og 60 år var med i studien.
Studien viser at menn og kvinner generelt er like mykje utsett for mobbing på arbeidsplassen, og at det er ein klar samanheng mellom mobbing og smerter. Men studien gav også resultat som var uventa:
– Blant dei som var utsett for mobbing, rapporterte faktisk menn om meir smerte i rygg og nakke enn kvinner. Dette var litt overraskande resultat, og motsett av kva vi antok. Dette viser at eit godt psykososialt arbeidsmiljø er viktig i både kvinnedominerte og mannsdominerte yrker, fastslår Johannes Gjerstad, forskingssjef ved STAMI.
Dette funnet er i samsvar med tidlegare studiar på mobbing frå STAMI der det har blitt påvist at individuelle karakteristikkar, slik som type personligdom, ikkje beskyttar den som er utsatt mot effektane av mobbing på arbeidsplassen. Dette betyr at det vil vere vanskelig for enkeltpersonar å handtere mobbing på eigenhand, og at ein derfor er avhengig av at arbeidsgivar gjennomfører konkrete organisatoriske tiltak for å stoppe mobbinga, fortel Morten Birkeland Nielsen, forskar ved STAMI og professor i psykologi.
Kvinner søker støtte
– Kvifor kvinner har mindre smerte enn menn sett i samanheng med mobbing gir ikkje studien noko klart svar på. Men ein kan jo spekulere. Ei muleg forklaring kan vere at kvinner er flinkare til å søke støtte hos venner og familie, seier Gjerstad.
Tidlegare forsking på mobbing har nettopp vist at sjølv om det er like mange kvinner som menn som er utsett for mobbing, så er det fleire kvinner som søker støtte og hjelp. Ein veit også at medan menn ofte baserer seg på ‘problemfokuserte mestringstrategiar’, bruker kvinner i større grad ‘emosjonsbaserte strategiar’.
Emosjonsbasert strategi handlar om å forsøke å regulere dei emosjonelle konsekvensane av ei belasting. Dette kan vere i form av emosjonell støtte, akseptering, bruk av humor, tilbaketrekking og distansering. Problemfokusert strategi inneber at ein erkjenner et problem, finn alternative løysningar, vurderer fordeler og ulemper og gjer et val mellom dem. Dette er altså ein aktiv og problemløysande form for meistring der ein sjølv prøver å ordne opp i problemet, forklarar Birkeland Nielsen.
–I og med at mobbing per definisjon er eit problem ein ikkje klarer å meistre på eigenhand, er det mogleg at det faktisk er meir hensiktsmessig å bruke emosjonsbaserte strategiar i mobbesakar, legg han til.
Samanlikne kjønn og smerter
Tidlegare studiar har i stor grad vist at kvinner generelt rapporterer om meir smerte enn menn. Studiane viser blant anna at biologiske (genetiske) faktorar kan bidra til at kvinner rapporterer om meir subjektive helseplager enn menn. Dette gjeld spesielt smerte, fortel Johannes Gjerstad. For eksempel viser studiar at berarar av ein spesifikk genvariant (OPRM-1 A118G) aukar risikoen for kroniske ryggplager hos kvinner, men har motsett effekt på menn.
–Men eit problem når ein vil samanlikne subjektive helseplager hos kvinner med tilsvarande plager hos menn, er at kvinner og menn ofte utfører ulike arbeidsoppgåver. Kvinner i jobbsamanheng får stadig tildelt andre oppgåver enn menn også innanfor ein og same stillingskategori, så å korrigere for stillingskategori og type jobb når ein studerer kjønnsforskjellar er i denne samanheng ikkje nok. I tillegg er dei individuelle forskjellane ofte langt større enn kjønnsforskjellane.
– Sjølv om tidlegare studiar viser at kvinner på grunn av biologiske faktorar ofte har meir smerte enn menn, viser dei nyleg publiserte resultata om smerter ved mobbing at menn kan ha andre former for sårbarheit for smerte, som veg opp for dette. Då meiner eg det kan vere på sin plass å spørje: Viss ein hadde greidd å korrigere for både samfunnsmessige faktorar og type jobb, kunne det då tenkast at kvinner og menn ikkje var så forskjellege likevel?, vurderer Gjerstad.
Kjønn bør med i analysane
Gjerstad påpeikar at studien også har sine avgrensingar. For eksempel er berre arbeidstakarar som jobbar meir enn 80 prosent inkludert i studien.
–Kanskje har kvinner med mest helseplager gått over i deltidsstillingar og jobbar mindre enn 80 prosent. I så fall manglar vi data på desse, opplyser han.
Både nasjonalt og internasjonalt er det gjort få gode studiar som klarlegg betydinga av kjønn. Mykje på grunn av at slike studiar både er vanskelege å designe og å gjennomføre. Ein har derfor lite forskingsbasert kunnskap om dette.
–Sjølv om samanlikninga mellom menn og kvinner kan vere problematisk i forsking, bør ein ha med variabelen kjønn i analysane. Unngår ein å inkludere variabelen kjønn i analysane, kan mange viktige samanhengar mellom arbeid og helse kanskje ikkje bli oppdaga, erfarer Johannes Gjerstad.