Kategorier

Nyleg vart den samfunnsøkonomiske kostnaden som er knytt til arbeidsrelaterte sjukdomar og skader estimert til om lag 30 milliardar kroner årleg i Noreg. I representative studiar av den norske arbeidsstokken vart det estimert at 40 prosent av tilfella med muskelskjelettplager, og 25 prosent av tilfella med psykiske plager, er knytt til arbeidsmiljøforhold.

Arbeidstilsynet si hovudoppgåve er å føre tilsyn med at verksemder etterlever krava i arbeidsmiljøloven. Formålet er å bidra til varige betringar i arbeidsmiljøet slik at arbeidsrelaterte helseskader kan førebyggast. Etaten har tilsynsansvar for om lag 195 000 verksemder med arbeidsgivaransvar, og i 2016 vart det gjennomført i overkant av 15 000 tilsyn og meir enn 700 sjølvstendige rettleiingar.

Tilsyn og rettleiing – fungerer det?

Ei kunnskapsoppsummering frå STAMI i 2017 viser at Arbeidstilsynet si handheving av lovar fører til auka etterleving av lovkrav, og redusert hyppigheit av arbeidsskadar. Likevel viser oppsummeringa at det er svært bygrensa dokumentasjon når det kjem til effektar av tilsyn og rettleiing frå etaten. Bidreg tilsyn og rettleiing til at færre vert eksponert for helseskadelege faktorar i arbeidsmiljøet? Dette er mellom anna spørsmål STAMI vil gi svar på i det nye prosjektet.

– Gevinsten av å finne ut dette er at svara kan bidra til at vi på ein meir effektiv måte kan førebygge arbeidsrelaterte helseskader i Norge. Vi ser fram til å starte prosjektet så snart vi får på plass godkjenning frå regional-etisk komité, fortel Håkon Johannessen, prosjektleiar og forskar ved STAMI.

Prosjektet vert gjennomført i samarbeid med Arbeidstilsynet og i næringar som tidlegare har vore lite studert med omsyn til effektar av tiltak frå myndigheitene. Både STAMI og Arbeidstilsynet legg ned betydelege ressursar for å få gjennomført prosjektet.

– Arbeidstilsynet er veldig glad for at vi har fått etablert dette forskingsprosjektet. Det vil gi oss meir kunnskap om kva effektar tilsyn og rettleiing har på arbeidsmiljø og helse ute i verksemdene . Meir kunnskap om effektar vil gjere oss enda betre i stand til å vurdere kva verkemiddel vi bør bruke i ulike situasjonar, kommenterer Monica Seem, avdelingsdirektør for dokumentasjon og analyse i Arbeidstilsynet.

Meir om prosjektet

Les kunnskapsoppsummeringa frå 2017

Innlegget Kva er effekten av tilsyn og rettleiing frå Arbeidstilsynet? dukket først opp på STAMI.