Kategorier

Denne artikkelen er skriven av Petter Kristensen, overlege og forskningssjef ved STAMI, og er også publisert i Arbeid og helse 2017.  Her kan du laste ned Arbeid og helse, eller få magasinet gratis tilsendt.

I dei 49 åra som har gått sidan eg blei ferdigutdanna lege, har førebyggjande arbeid vore ei av hovudoppgåvene mine. Individet har ofte vore i fokus: på svangerskapskontrollen, på helsestasjonen, i skulehelsetenesta eller når det gjeld arbeidsmiljø for gravide arbeidstakarar. Formidling av risiko, og sannsynet for at ein faktor i miljøet kan skade helsa, er notorisk vanskeleg og byr ofte på ulike oppfatningar. Eg vil her prøve å nyste opp i grunnane til at risikooppfatning er så vanskeleg og ofte blir tolka ulikt.

Den risikoutsette og eksperten

Vi kan tenkje oss at to aktørar er involverte: Ein ekspert og ein risikoutsett. Nesten all lærdom som eksperten har om risiko, er basert på kunnskap om grupper i studiar av menneske eller dyr. Overrisiko for sjukdom Y etter eksponering for ein bestemt dose av årsaksfaktor X kan uttrykkjast som prosenten i ei undersøkt gruppe som i løpet av eitt år får sjukdom Y grunna eksponering for X. I dei gunstigaste tilfella kan eksperten dermed gi eit presist tal på overrisikoen i gruppa, og dette talet kan formidlast til den risikoutsette. Derimot kan eksperten ikkje seie noko om kor vidt den risikoutsette høyrer til dei uheldige som blir ramma av Y i løpet av neste år, eller om han eller ho er blant dei heldige som slepp unna. Ofte er det nettopp dét den risikoutsette eigentleg ønskjer å vite.

Frå gruppe til individ

Ein tenkjer kanskje at overføring av gruppebasert risiko til individrisiko ikkje er særlig problematisk, men det er diverre ikkje rett. Ein viktig grunn til dette er at kjende risikofaktorar for mange sjukdomar ikkje har spesielt stor innverknad på risikoen som kvar enkelt har for å bli sjuk.

Det er typisk at den største delen av variasjonen i sjukdomsrisiko mellom ulike personar i ei gruppe består av forhold som ikkje er kjende, medan dei kjende risikofaktorane berre forklarer ein liten del av skilnadene i gruppa. Ikkje-systematiske påverknader og tilsynelatande slumpetreff gjer ofte avgjerande utslag. Grupper med ekstremverdiar av kjende risikofaktorar kan rett nok ha ei sterk overhyppigheit, men likevel er regelen at dei fleste som blir sjuke, er lite avvikande frå fleirtalet. De fleste som får hjerneslag, har relativt normalt blodtrykk og dei fleste storrøykarar får aldri lungekreft.

Det eksperten eigentleg har grunnlag for å formidle, er: «Dersom du unngår risiko X, blir du garantert med på ein dugnad som folkesetnaden vil nyte godt av. Kanskje vil også du dra nytte av han, men det er usikkert». Det finst mykje kunnskap som tilseier at måten den risikoutsette oppfattar ein slik bodskap på, vert påverka av andre og gjerne emosjonelt ladde forhold. Det har gjerne mykje å seie kva grad av kontroll den risikoutsette har over situasjonen, i kva grad moralske aspekt er involverte, og kor framand og eksotisk eksponeringa og risikoen er.

Risikovurdering i arbeidsmiljøet

Det er ikkje så uvanleg at både gruppebasert og individbasert risikovurdering av arbeidsmiljøet er etterspurt. Eksperten på arbeid og helse i bedriftshelsetenesta kan i mange tilfelle gi eit kvalifisert og presist overslag over risikoen for ei gruppe eksponerte arbeidstakarar på ein arbeidsplass.

Risikoen til den enkelte arbeidstakaren vil derimot vere vanskelegare å anslå dersom spørsmålet kjem frå ein gravid som vil vite kor trygt arbeidsmiljøet er for svangerskapet hennar, eller frå ein tilsett som kjem til ein målretta helsekontroll.

Finst det fallgruver?

Dilemmaet som kan følgje av at eksperten ikkje kan formidle den kunnskapen som den risikoutsette eigentleg er interessert i, kan resultere i ulike strategiar som kan vise seg å vere fallgruver:

  • FORMIDLINGSJUSTERING Eksperten «justerer» formidlinga si for å tilpasse bodskapen ut frå fokuset til den risikoutsette. Dersom eksperten vurderer at det er ein overrisiko, men at denne er særs låg (noko som ofte er tilfelle), kan det finnast rasjonelle grunnar til å roe ned den risikoutsette med at han/ho ikkje har noko å frykte. Dette kan vere ekstra freistande dersom eksponeringa for X allereie har funne stad.Eksperten kan vurdere at det ikkje er bra å plante ei uro når uroa blir eit problem i seg sjølv, og kanskje meir alvorleg enn risikoen som X medfører. Dette blir av og til anbefalt som rett kommunikasjon til gravide som har blitt utsette for risikoagens.
  • ÅRSAKSPLANTING Formidlinga av bodskapen kan også gå i ei heilt anna retning, dersom eksperten plantar ideen om at kunnskap om årsaksrelatert risiko kan appliserast på enkeltindividet utan atterhald. Ein slik formidlingsstrategi kan vere freistande ut frå ein tanke om at han vil vere meir personleg og ha større gjennomslagskraft dersom eksponering X høyrer til ei framtid som den risikoutsette sjølv kan påverke.Det er variantar av denne typen risikoformidling vi ofte opplever i populære livsstilsprogram. «Gjer slik som eg rår deg til, elles kjem det til å gå deg ille». Dette kan være ein forlokkande strategi når eksperten sjølv ønskjer stor påverknadskraft og makt.
  • RISIKODRAMATISERING Andre aktørar blandar seg ofte inn og påverkar korleis kvar enkelt av oss oppfattar personleg risiko. Vi blir kvar dag fôra med slike innspel både frå dags- og vekepressa og frå sosiale medium. Journalistiske haldepunkt tilseier at bodskapen skal bli oppfatta som vesentleg for den enkelte.Personleg vri og dramatisering gir gjerne eit bodskap om at dette for det første er alvorleg, og for det andre angår den enkelte på ein direkte måte. Ein fokuserer på at saka er viktig for den enkelte heller enn at det dreier seg om ein dugnad. Difor ser vi også døme på alliansar mellom media og dei meir dramatisk orienterte ekspertane eller «ekspertane».

Kan dilemmaet løysast?

Dilemmaet med å trekkje slutningar for enkeltindivid på grunnlag av gruppebasert kunnskap er fundamentalt. Det har blitt gjort forsøk på å minske gapet – mellom anna gjennom «personalized medicine», som i denne samanhengen betyr at det blir teke omsyn til enkelte genetiske og andre element som bestemmer risiko. På den måten blir det mogleg å ta omsyn til noko av den biologiske variasjonen som påverkar risikoen. Dette gjer analysematrisa meir finmaska.

Samstundes vil resultata som kjem ut, like fullt vere grupperte. Ein stor del av variansen lèt seg framleis ikkje forklare, og dilemmaet består. Optimistane som meiner at det er mogleg å skreddarsy risikobiletet for enkeltpersonar, har som regel ikkje rett. I arbeidslivet blir eksperten beden om å gjere risikovurderingar for enkelte risikoutsette i ulike samanhengar. Gravide som vil ha råd om eige arbeidsmiljø, og tilsette som er til helsekontroll i regi av bedriftshelsetenesta, er typiske og velkjende situasjonar. Noko kan gjerast ved å vere konkret og ikkje sjablongmessig i kartlegginga og formidlinga av risiko. I enkelte tilfelle kan kanskje vidare undersøkingar avklare risikoen for den tilsette.

Men i alle tilfelle bør eksperten unngå fallgruvene. Det ser ut til at vi må leve med dilemmaet mellom kunnskap om gruppert risiko og ønsket om å seie noko om risikoen til kvar enkelt. Presset på å tolke kunnskapen i individuell retning kan ha gått for langt, og tilseier meir måtehald frå dei med eksperthatten på. Eksperten må vere forsiktig med å ta på seg rolla som spåkvinne.

Innlegget Formidling av personleg risiko er ei vanskeleg øving dukket først opp på STAMI.