Kategorier
Arbeidsmiljøfakta Informasjon fra STAMI Nyheter relatert til Helse, Miljø og sikkerhet

Arbeidsmiljø og arbeidshelse er ikkje noko nytt forskingsfelt. Vi har lenge visst mykje om kva i arbeidsmiljøet vi blir sjuke av – og kva som kan vere med på å halde og faktisk gjere oss friske – men det er ikkje alltid vi brukar denne kunnskapen.

Innlegget Du kan bli sjuk av å jobbe, men du kan også bli frisk dukket først opp på STAMI.

Så kva veit vi, då? Om kva som skjer med oss, og i kroppane våre, når vi vert utsette for noko på grunn av arbeidet vi utfører? Kva samanhengar er det mellom å bli utsett for noko og å bli sjuk av det?

Etablerte samanhengar

Mange samanhengar veit vi veldig mykje om. Vi veit at mekaniske og ergonomiske påkjenningar som til dømes tunge løft og vriding i kroppen, kan føre til muskel- og skjelettlidingar, skadar og ulukker. Vi veit at kjemisk og biologisk eksponering kan føre til mellom anna luftvegslidingar, hudlidingar og skadar på nervesystemet. Mange helsekonsekvensar oppstår også lang tid etter eksponering.

I tillegg kan ein sjå på andre forhold som ikkje nødvendigvis vert definerte som helseeffek-tar, men som likevel er effektar av arbeid. Slike samanhengar kjem tydeleg fram i stadig fleire forskingsfunn. Døme er forholdet mellom sjukefråvær og rehabilitering, samanhengen mellom arbeid og positiv affekt eller kjensler, og ikkje minst mellom psykososiale/organisatoriske forhold og sjukefråvær, og det å kome tilbake i jobb. For å utvide biletet endå meir, kan vi også inkludere produktivitet knytt opp mot arbeidsmiljø.

Modellen viser døme på etablerte årsakssamanhengar mellom eksponering og helseeffekt. Sjølv om denne modellen ikkje er fullt ut dekkande, viser han tydeleg både breidda, kompleksiteten og alvorsgraden i arbeidsmiljøutfordringane ein står overfor. Forskinga har over lang tid vore med på å etablere og illustrere desse samanhengane.

Kunnskap og kunnskapsbehov

Sjølv om vi i dag sit med god kunnskap, treng vi framleis betre innsikt i samanhengane mellom det ein vert påverka av gjennom arbeidet, og eventuelle negative helsekonsekvensar det medfører. Med auka innsikt kan ein i større grad hindre sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet ved å betre primærførebygginga, det vil seie innsatsen ein gjer før eit problem eller ein skade/skadeleg effekt oppstår. Førebygging føreset kunnskap om årsakssamanhengane, og arbeidet med å klarleggje desse er særs krevjande.

Vi veit stadig meir om organisatoriske og psykososiale forhold og korleis desse påverkar dei arbeidande. Dette inkluderer sosiale interaksjonar med medarbeidarar eller klientar, kvalitative og kvantitative krav, kontroll over oppgåver, udefinerte ansvarsforhold og grad av støtte frå leiarar og medarbeidarar.

Organisatoriske og psykososiale forhold speler ei rolle både når det gjeld muskel- og skjelettplager, psykisk helse, hjarte- og karsjukdomar, sjukefråvær og førtidspensjonering. Data frå Nasjonal overvåking av arbeidsmiljø og -helse (NOA) ved STAMI viser at oppimot 60 prosent av alt sjukefråvær skuldast muskel- og skjelettplager eller psykiske lidingar.Det er framleis mange arbeidstakarar som vert utsette for mekaniske påkjenningar slik som repeterande rørsler, løft med vriding, arbeid i framoverbøygd stilling og fysisk tungt arbeid, og i mange yrke er arbeidstakaren utsett for fleire ulike former for påkjenning samstundes. Det er også fleire unge enn eldre som vert utsette for slike påkjenningar. Ifølgje estimat frå STAMI kan om lag 25 prosent av sjukmeldingane i norsk arbeidsliv tilskrivast mekaniske faktorar i arbeidet.

Fysiske forhold i arbeidslivet er aktuelt for alle arbeidstakarar, men det er berre i yrke med spesielle eller ekstreme forhold at slike eksponeringar kan knytast til arbeidsrelaterte sjukdomar eller plager. På STAMI har vi sett på faktorar som støy, vibrasjonar, inneklima, stråling, kulde og straumgjennomgang.

Tal frå NOA viser at om lag 240 000 arbeidstakarar oppgir å vere eksponerte for sterk støy under arbeidsdagen, rundt 330 000 arbeidstakarar oppgir å vere utsette for kulde og rundt 210 000 oppgir å vere utsette for vibrasjonar. Nærare 750 000 yrkesaktive oppgir å vere utsette for dårleg inneklima.

Tett på 25 prosent av alle yrkesaktive i Noreg i dag er utsette for kjemiske eksponeringar. I eit globalt perspektiv kjem det bortimot 15 000 nye kjemiske stoff i året. I Noreg vert det sett grenseverdiar for rundt 650 kjemiske stoff kvart år. Det totale biletet er soleis særs omfattande. Gjennom arbeidet kan norske arbeidstakarar bli eksponerte for ei lang rekkje kjemiske stoff og biologiske komponentar som kan vere sjukdomsframkallande.

Eksisterande kunnskap og endring

I dag er store delar av norsk arbeidsliv inne i ein omstillingsprosess, og mange meiner at det framtidige arbeidslivet kjem til å sjå vesentleg annleis ut enn dagens. Implementering av ny teknologi, nye arbeidsformer, nye tilknytingsformer og tilpassing til endring skaper uventa arbeidsmiljøutfordringar.

Vi ser eit auka behov for forskingsbasert kunnskap på nye område. Dette gjeld mellom anna arbeidsmiljørelatert forsking på immigrasjon og arbeidsinnvandring, Grønn teknologi og tilhøyrande yrke, og arbeid i kalde omgjevnader. Også forhold som er knytt til organiseringa av arbeidet og nye tilknytingsformer til arbeidslivet, vil vere aktuelle forskingstema.

Eit institutt som STAMI må vere førebudd på å bidra til ny kunnskap i tråd med utviklinga, slik at ein kan førebyggje potensielle arbeidsmiljøutfordringar så tidleg som mogleg.

Denne artikkelen er henta frå STAMIs magasin Arbeid og helse, som du kan laste ned eller bestille gratis tilsendt her.

 

Innlegget Du kan bli sjuk av å jobbe, men du kan også bli frisk dukket først opp på STAMI.