Kategorier
Informasjon fra STAMI Nyheter relatert til Helse, Miljø og sikkerhet Partikler og kjemikalier - røyk, gass, støv

Vi veit at det er mange som potensielt kan vere utsett for kjemiske eksponeringar gjennom arbeidslufta. Expo Online gjer det lettare for verksemdene å registrere luftprøver. Se lanseringa av det nye systemet streama direkte på stami.no – sendinga starter kl 10.00 torsdag 30. mars.

Innlegget EXPO Online – lansering av ny nettbasert registreringsløysing for luftprøver dukket først opp på STAMI.

EXPO Online er utvikla i samarbeid mellom STAMI, tilsyna og partene i arbeidslivet, og har vore testa i fleire rundar av verksemder innan ulike næringar. Det nye systemet lanseres torsdag 30. mars.

Følg direktesending frå lanseringa her kl. 10.00: Link til livestream

Skjermbilde av registreringsløysinga som blir lansert 30. mars.

– Vi er veldig glade for å kunne lansere denne registreringsløysinga som sørger for at  viktig informasjonen som ligg i eksponeringsmålingar kan kome verksemder og arbeidstakarar til gode, sier Ragnhild Beate Strand Østrem, som har vært ansvarlig for EXPO Online fra STAMI si side.

– Data frå NOA ved STAMI viser at 26 prosent av dei yrkesaktive oppgjev å vere utsett for støv, røyk, gass, damp, eksos eller kjemikaliar i arbeidet sitt. Yrkeshygieniske eksponeringsmålingar av arbeidsluft i Noreg vert gjennomført med eitt mål for auge; å tryggje arbeidstakaren. Desse målingane kan gje verdfull informasjon både for arbeidstakaren, den einskilde verksemda og i eit nasjonalt perspektiv. Men då må målingane vere tilgjengelege.

På lanseringa av EXPO Online vert det innlegg både frå arbeidsgivar og arbeidstakarsida.

Cecilie Sjåland, rådgiver for yrkeshygiene i LO ser også nytteverdien av registrering av luftprøver.
– På nasjonalt nivå vil tilgang til bedrifters eksponeringsdata til bruk i NOA bidra til økt kunnskap om eksponering for kjemikalier i yrker og bransjer i Norge. Man vil kunne se på utviklingstrender og få indikasjoner på hvor det vil være behov for større forskningsinnsats og forebyggende arbeid. Dette vil komme den norske arbeidstakerens helse og sikkerhet til gode på sikt.

Erik Dahl-Hansen, fagsjef  i Norsk industri (NHO) sier han har forventninger til EXPO Online og positivitet til å komme i gang.

Fordelar for verksemdene

  • Dokumentere at det gjennomførast risikovurderingar i form av eksponeringsmålingar
  • Verksemda sitt eige digitale arkiv over utførte målingar
  • Bransjeoversikter
  • Betre oversikt over eigne eksponeringsmålingar
    • Tidstrendar
    • Målretta førebyggjande innsats
  • Store datasett kan overførast med importfunksjon
  • Finansiert av Arbeids- og sosialdepartementet
  • Trygg lagring og tilgang
    • Ingen uvedkomne får tilgang- autentisering og autorisering via Altinn/DIFI
    • Sikker lagring- standard format
    • Driftssikkert og driftsansvar hos STAMI

Ein permanent nasjonal database

I 2014 vedtok Arbeids- og sosialdepartementet at EXPO-databasen ved STAMI, som inneheld nær 100 000 luftprøver frå norske verksemder frå dei siste 40 åra, skulle utvidast til ein permanent nasjonal database for yrkeshygieniske luftprøver. Formålet er å gje auka kunnskap om kjemisk eksponering i norsk arbeidsliv.

Resultata frå, og informasjonen om yrkeshygieniske målingar skal etter forskrifta oppbevarast av verksemdene og er verksemda sin eigendom. Erfaringsmessig variere praksis for oppbevaring. For verksemder som manglar driftssikre og systematiske oppbevaringsløysingar eller er på utkikk etter et nye system er EXPO Online lett tilgjengelig for alle verksemder fra mars 2017.

Yrkeshygienisk kompetanse vil forenkle innlegging, og dette er noko til dømes bedrifthelsetenesten som gjennomfører prøvetaking og risikovurdering for verksemdene vil kunne gjere for sine medlemmar. Alle prøver vert arkivert i den nasjonale databasen for kjemisk eksponering i norsk arbeidsliv – EXPO.

Innlegget EXPO Online – lansering av ny nettbasert registreringsløysing for luftprøver dukket først opp på STAMI.